Tid for Vekas Beste! Denne veka skal me ein tur tilbake til barnehagen, ein sving innom Rubik, ein psykologisk test, og musikk av ymse art.
Vekas beste er ei spalte for deg som ikkje har tid til å vere på forumet til ei kvar tid, for deg som ikkje er så forumvant som enkelte, eller for deg som er ny. Her tek me det me likte best, det som var mest populært, eller mest kommentert frå forumet forhenverande veke.
Darlaa slo hardt til siste dagen med ein omfattande tråd. Tråden består av nær to års arbeid med eit verktøy me gjerne forbinder med litt yngre, nemleg perler. Darlaa tek grafikk frå gamle 8- og 16-bitsspel, og perlar det.
Ta ein kik på Darlaa sin perletråd!
Sjølv har eg ei slik kube som i beste fall har klart 2 sider, og i så fall med flaks. Mathias derimot løyser den med algoritmer og rask tankegang på eitt minutt og trettifire sekunder.
I tillegg har han Kreativia-reklame i bakgrunnen..
Dei seier den høgre hjernehalvdelen er den mest kreative delen. Kva slags brukar du mest? Klinkekula la inn ein enkel test som visar kva halvdel som er den mest aktive.
Me har laga ei Last.fm-gruppe for Kreativia-brukarane. Meld deg gjerne inn dersom du har ein profil der også. I skrivande stund verkar Red Hot Chili Peppers å vere den foretrukne musikken blant brukarane.
Ellers har me sjølvsagt Thesixtyone-tråden. Thesixtyone er eit communitybasert spel som går på å finne musikk ein likar, og få poeng dersom andre likar din musikksmak. Sjekk ut tråden her
Merkelapper: Kreativia, vekas beste