Tid for Vekas Beste! Konkurranse, kaker og flott logodesign denne veka.
Vekas beste er ei spalte for deg som ikkje har tid til å vere på forumet til ei kvar tid, for deg som ikkje er så forumvant som enkelte, eller for deg som er ny. Her tek me det me likte best, det som var mest populært, eller mest kommentert frå forumet forhenverande veke.
Vi har en wallpaper-konkurranse gående, som du kan stemme på her. Ellers er henvisningskonkurransen i gang. Premien i begge konkurransar er ei Kreativia-t-skjorte!
Utan denne nyheita, hadde ikkje du lese dette no. Framsida vår er så smått på plass, og her skal etter kvart nyheitene renne inn. Guider er så vidt sett i gang, og vil etter kvart bli opna for dei som ynskjer å bidra med sin lærdom. Under Lenker finn du mange gode ressursar for deg som ynskjer inspirasjon, ressursar, opplastingsstad for bileter eller små innsyn i diverse kreative bransjer. eOrdboka er vårt lille leksikon i ord og uttrykk frå kreative bransjar. Forumet er der det har vore ei stund!
Blant nokre av 2008 sine vakraste logoar, ligg konsensusen framleis på «Society 27» som den beste. Er du einig? Har du nokre andre gode forslag?

Vårt første lille forumspel blei vekas absolutt mest leste tråd. Her skulle brukarane ta utgangspunkt i eit bilete, og prøve å løyse eit problem på sin eigen måte. Resultatet blei løysingar tekne frå populærkultur, dataspel, religion og andre favoritthobbyar. Tråden er framleis open for bidrag!

Merkelapper: Kreativia, vekas beste