Søk gjennom profiler, guider, forum og eOrdbok

Kortfilmar: Alex Butera



To kortfilmar av Alex Butera, med og utan meining (og ninjaer), alt ettersom.

Eg har alltid hatt sansen for det meir eller mindre randome, og det er ofte grunnen til at eg har sansen for kortfilmar. Det er først i eit kort format at ein verkeleg kan utforske det fantastisk randome (for øvrig ikkje eit godt norsk ord), i og med at ein kan spytte ut små historier «på løpande band».

Alex Butera, animatør og kortfilmskapar, har saman med Lindsay Small laga ein kortfilm med ninjaer som skal redde ein «damsel in distress» i filmen «SuperGo!». Hilarity ensues!


Dette var eit skuleprosjekt. Overraskande høg kvalitet på figurane, sjølv om animasjonen er ganske sketchy. Det stilige er at han sjølv seier han ikkje har brukt nokon form for rotoscoping (teikning etter levande bileter), som må bety at han enten har eit veldig godt auge for rørsle, eller i det minste nokre referansebileter.

I tillegg følte eg for å hive med den enormt randome videoen «Baman Piderman», også laga av Butera.


Det er eit eller anna med setninga: «I believe this is your sandwich?» som får meg til å le. Kvar gong!

bloggen sin legg Butera ut konseptskisser, og andre småarbeid med ujamne mellomrom.

Merkelapper: Animasjon, kortfilm