Søk gjennom profiler, guider, forum og eOrdbok

Jim Jarmusch: "Nothing is original..."

Kommentarer(1)

«Steal from anywhere that resonates with inspiration or fuels your imagination.». Eit sitat av Jim Jarmusch.

Nothing is Original. - Jim Jarmusch

Biletet er laga av kanadiske artistman. Motivet er (som alt anna tøft på internett) tilgjengeleg som t-skjorte

Jim Jarmusch er ein filmregissør, kjent for blant anna «Ghost Dog..» og «Coffee & Cigarettes». Jarmusch har sjølv, i likskap med for eksempel Tarantino, blitt kritisert for å låne historier og visuelle idéar frå andre. Som sett av sitatet, så tek ikkje Jarmusch seg nær av slik kritikk, det er ein del av måten han arbeider på.

Sitatet er frå Jim Jarmusch sine «reglar» for filmskaparar, der regel nummer ein i praksis er «Det er ingen reglar». Dei fem reglane er relativt spesifikke for filmskaping, men mentaliteten, spesielt i regel 5, kan lett overførast til anna kreativt arbeid.

«Nothing is original. Steal from anywhere that resonates with inspiration or fuels your imagination. Devour old films, new films, music, books, paintings, photographs, poems, dreams, random conversations, architecture, bridges, street signs, trees, clouds, bodies of water, light and shadows. Select only things to steal from that speak directly to your soul. If you do this, your work (and theft) will be authentic. Authenticity is invaluable; originality is nonexistent. And don’t bother concealing your thievery—celebrate it if you feel like it. In any case, always remember what Jean-Luc Godard said: “It’s not where you take things from—it’s where you take them to.”»

Sjølv har eg ei mappe på datamaskina mi som heiter «Alt», som er full av bileter teke frå internett, små tekst-utklipp og andre ting som skapte ei gnist i hovudet mitt når eg såg det.

Alt!

Moralen er: La deg inspirere av alt du ser, les, høyrer og ellers sansar.

Merkelapper: jim jarmusch, sitat, t-skjorte

ThePreset 26. januar 2009 - 15:11


Vanskelig tema det der, men kloke ord var det ihvertfall. Fin artikkel.